01.07.2024 | Tekst: Karstein Brøndbo, Foto/video: Erlend Moberget

Bonde i grønn kjeledress– Eg var spent til å begynne med, men etter eit par dagar gjekk det veldig fint, mykje enklare å køyre enn eg trudde. Veldig positivt overraska, seier Stig Erik Høgalmen, mjølkebonde i Oldedalen og sjåfør for Alda Onnelag.

– Vi snittar for tre aktive bønder, og alle tre brukar denne. På første slåtten låg vi på rundt 1500 mål, og så håpar vi på noko leigekjøring etter kvart, seier Jan Markus Kvamme i Alda Onnelag.

Smale Vestlandsvegar

– Snittaren byr på litt breiddeproblem. Vi har ei bru vi må bygge opp med trestokkar for å komme oss over. Det er ikkje alle plassar det er breiare enn tre meter. Det kan vere litt utfordrande, men det går som regel fint. Vi har ikkje hatt noko skader på åkeren, så det må vere bra, seier Jan Markus.

– Riva er veldig fin og køyre etter vegen. Den er ganske stødig med bra overheng. Det verste er ut og inn av jorda, der det er ein del tre som den tek oppi. Der er det litt for lågt, så det er det største problemet, seier Stig Erik.

Snittaren er rundt fire meter, og riva er over 4,20. – Vi målte den til 4,25, og i den lågaste tunellen fekk vi ein knyttneve imellom på høgda. Så det gjekk akkurat, smiler sjåføren.

Brukarvenleg med Isobus

Han har køyrt mykje to-rotor-rive, og meiner at fire rotorar er betre. – Det er mykje enklare når ein kjem inn i det, spesielt i hjørna. Isobus-styring er óg kjempebra! Vi fekk ordna til nokre knapper på traktoren, så vi brukte både joystick og Isobus-skjerm, og når vi når får stilt den litt, så er det helt fantastisk å bruke.

Venderive snur lett i hjørne

UAVHENGIG LØFT: Den breie riva kan løfte rotorane kvar for seg, og på den måten ta overraskande godt ut i hjørna. Foto: Jostein Åsnes.

– Den elektroniske justeringa har vore veldig kjekk å ha, utan tvil. Og singel løft på rotorane, det er noko ein må ha, det er eg ikkje i tvil om, seier Stig Erik.

Utnytter dagar med godt vêr

– Her i området, kor vêret er så vekslande, så er jo tida det viktigaste å få tatt både graset på det meste optimale tidspunktet, og at ein klarer å nå det før neste byge, som ofte står i kø, for at ein skal få unnagjort slåtten, seier maskinseljar Erik Espelund.

– Ja, og det var det vi såg da vi køyrde siste dagen, at vi køyrde såpass fort med riva, at snittaren tok oss ikkje igjen, seier Stig Erik.

Tor Skår.png

PRODUSENT-KONTAKT: – Isobus-styringa gjer at du kan lagre tre ulike innstillingar, slik at riva blir lettare å styre alt etter korleis jordet ser ut. Som på alle Kverneland-river har du framoverbøygde tindearmar og returtindar. Ein kan ha tandemhjul på rotorane, og det spesielle med denne riva er at dei minste rotorane som er bak går fortare enn dei framme. På den måten får du ein fin skår, seier Tor Skår frå Kverneland.